{"data":{"id":"2025-114213","eFormId":"5e07a392-6b48-4133-8833-5890d4c1af4e","procedureId":null,"heading":"RFI Marknadsdialog knytt til utvikling av eit betre og meir samordna kollektivtilbod i Vestland","description":"Skyss\u00a0er mobilitetseininga til Vestland fylkeskommune, og har ansvar for \u00e5 utvikle og drifte kollektivtrafikken i fylket. Hovudoppg\u00e5vene er \u00e5 planleggje og utvikle linjenett og rutetilbod, tildele transportkontraktar for buss, b\u00e5t og ferje, s\u00f8rgje for lovp\u00e5lagd skuleskyss, informere og marknadsf\u00f8re reisetilbod og kundel\u00f8ysingar, gi kundeservice og utvikle nye og kombinerte mobilitetstenester. Utviklinga av tilbod og tenester skal skje med grunnlag i vedtekne planar og strategiar, dei reisande sine behov og i takt med endringar i bransjen. Skyss sitt budsjett vert vedteke av fylkestinget og set rammer for kva tilbod som er mogleg \u00e5 tilby.\n\nVi arbeider kontinuerleg med \u00e5 styrkje korrespondansar, sikre rett kapasitet til rett tid og ta i bruk teknologi og data for \u00e5 gjere reisa meir f\u00f8reseieleg og ressursbruken meir effektiv.\nSom del av dette arbeidet\u00a0ynskjer Skyss \u00e5 f\u00e5 innspel fr\u00e5 private kollektivselskap\u00a0om korleis vi kan utvikle eit meir heilhetlig kollektivtilbod i Vestland. Dette omfattar b\u00e5de strukturelle og operasjonelle aspekt ved mobilitetstilbodet, og gjeld s\u00e6rleg omr\u00e5de med behov for betre koordinering, fleksibilitet og tilpassing til brukarane sine behov.\n\nI tillegg\u00a0ynskjer Skyss \u00e5 utforske om det finst interesse i marknaden fr\u00e5 kommersielle akt\u00f8rar\u00a0for \u00e5 tilby tenester p\u00e5 utvalde strekningar, eller deler av dei.\u00a08 ruter er peika ut som aktuelle for innspel knytt til mogleg kommersiell drift.\u00a0Desse rutene har s\u00e6rlege kjenneteikn \u2013 som h\u00f8g etterspurnad i turistperiodar, geografisk kompleksitet eller behov for meir fleksible l\u00f8ysingar enn det ordin\u00e6re rutetilbodet gir rom for.\n\nF\u00f8lgjande ruter er peika ut som aktuelle for innspel:\n805 \u2013 Brebuss Fj\u00e6rland\n115 \u2013 Olden\u2013Briksdalen\n862 \u2013 Gaupne\u2013Jostedalen\n945 \u2013 Voss\u2013Ulvik\n850 \u2013 Gudvangen\u2013Fl\u00e5m\u2013\u00c5l\n982 \u2013 Jondal\u2013Krossdalen\u2013Folgefonna\n860 \u2013 Sogndal\u2013Lom\n\nSj\u00e5 vedlegg for meir informasjon om rutane.\n\n Skyss ynskjer \u00e5 f\u00e5 innspel fr\u00e5 private kollektivselskap som kan bidra til \u00e5 utvikle eit betre og meir samordna kollektivtilbod\u00a0i Vestland. Innspela skal vere p\u00e5 generelt grunnlag og kan omfatte b\u00e5de strukturelle og operasjonelle aspekt ved bussbasert kollektivtransport.\n\nVi oppmodar dykk til \u00e5 svare p\u00e5 f\u00f8lgjande punkt:\nKva innspel har de p\u00e5 generelt grunnlag til korleis kollektivtilbodet i Vestland kan bli betre og meir samordna?\nKva innspel har de til korleis overgangar mellom rutene kan l\u00f8ysast betre?\nKva type fleksible eller alternative transportl\u00f8ysingar ser de som aktuelle?\nKorleis kan private akt\u00f8rar bidra til \u00e5 styrkje brukaropplevinga og gjere reisa meir f\u00f8reseieleg?\nKva teknologiske eller digitale l\u00f8ysingar nyttar de som kan vere relevante i ein felles mobilitetsmodell?\nKva erfaringar har de med samarbeid eller koordinering med offentlege akt\u00f8rar innan kollektivtransport?\n\n\nInnspel knytt til mogleg kommersiell drift\nSkyss ynskjer ogs\u00e5 \u00e5 f\u00e5 innspel knytt til\u00a0mogleg kommersiell drift p\u00e5 utvalde ruter. Vi ynskjer \u00e5 kartleggje om det finst interesse i marknaden fr\u00e5 kommersielle akt\u00f8rar for \u00e5 tilby tenester p\u00e5 desse strekningane, og korleis slike tilbod kan inng\u00e5 i eit samla og samanhengande kollektivsystem.\n\nDei innkomne innspela vil bli bearbeidde og inng\u00e5 som del av det vidare vurderingsgrunnlaget for korleis desse rutene kan organiserast framover.\n\nInnlevering av innspel\n\nVi ber om at innspela er poengterte og dokumenterte, til d\u00f8mes i ein presentasjon som vert sendt til: line.sofie.gjerde@vlfk.no\nFrist innan utgangen av 14. oktober 2025.\n\nAvhengig av omfanget p\u00e5 dei innkomne innspela, kan det bli invitert til dialogm\u00f8te der det vert h\u00f8ve til \u00e5 leggje \nfram innspela.","buyer":[{"id":"992051825","name":"Skyss"}],"locationId":["NO0A2"],"placeOfPerformance":["Vestland"],"issueDate":"2025-10-02T10:01:48Z","deadline":null,"qualificationDeadline":null,"noticeType":"ADVISORY_NOTICE","allTypes":["ADVISORY_NOTICE","PLANNING"],"allCpvCodes":["60000000","60100000","60140000"],"directCpvCodes":["60000000","60100000","60140000"],"parentCpvCodes":[],"noticeStatus":null,"allReceivedTenders":null,"preferredPublicationDateTed":null,"plannedDateTed":"2025-10-15","competitionDocsUrl":"https://tendsign.com/doc.aspx?MeFormsNoticeId=71114","sentToTed":false,"regulationUrl":"https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2016-08-12-974?q=foa","core":{"estimatedValue":null,"mainActivity":"gen-pub"},"awardedNames":[],"changeNotices":null,"limitedDataFlag":false,"publicationDate":"2025-10-03","tedId":null,"procurementTimeline":[{"id":"2025-114213","allType":["ADVISORY_NOTICE","PLANNING"],"publicationDate":"2025-10-03","selectedNotice":true}],"procurementStrategicLabels":[],"lotsNumber":1,"doffin_url":"https://doffin.no/notices/2025-114213"},"_meta":{"retrieved_at":"2026-11-02T13:16:24Z","language":"en","content_languages":["en"],"sources":[{"id":"doffin","name":"Doffin and TED","description":"Search Norwegian and European public procurement, notices and CPV codes.","cache_ttl_seconds":60}],"cache":{"hit":false,"stored_at":"2026-11-02T13:16:24Z","expires_at":"2026-11-02T13:17:24Z","ttl_seconds":60,"remaining_ttl_seconds":60,"age_seconds":0,"scope":"process"}},"_links":{"self":"https://allemannsdata.com/wiki/api/v1/anskaffelser/2025-114213","wiki":"https://allemannsdata.com/wiki/anskaffelse/2025-114213/","source":"https://allemannsdata.com/wiki/api/v1/kilder/doffin"}}
